HeiMAT

Sjefen for lokalmatsatsingen i MENY og SPAR og de ande Norgesgruppen butikkene i distriktet heter Eivind Haalien. Foruten å være "litt over middels" opptatt av ordentlig mat er han også medforfatter i ei "knakanes" god og lun matbok, som kommer ut nå.

Mat er i vinden som aldri før. Nye trendar oppstår årleg, og det som var bra eitt år, er fy-mat året etter. Men noko er meir varig. Ei bok som kjem ut til Rakfiskfestivalen, ”HeiMat – Grepa gøtt frå Valdres”, fokuserer på den tradisjonelle kosten, den som me berre må ha.

Det er matvaldrisane Berit Ildjarnstad frå Vestre Slidre og Eivind Hålien frå Vang, som har skrive boka. Berit, som jobbar frilans med mat, er akkurat i mål med ei vekes filminnspeling når me ringer henne opp. – Ja, eg jobbar no for nettstaden Matprat, der det blir lagt ut grunnopplæringsfilmar om ulik mat. Men neste torsdag blir det boklansering i Valdres, og det gledar eg meg til, seier ho.

Både Berit og Eivind er sentrale i juryen på Rakfiskfestivalen. Her frå 2009. Foto: Nils Rogn
Heimat
- Det var ein slåande tittel de har valt på boka. – Ja, for oss begge er det framleis slik at me seier heimatt når me skal til Valdres. Sjølv om eg har budd i Asker i 30 år, er det Valdres som er heime for meg, svarar Berit. – Me har båe arbeidd med mat og matlaging heile livet, og har også hatt ein draum i oss om å få meir fram den ekta valdresmaten me er så stolte og sæle tå. Dette er mat me har vakse opp med, laga på dei gode råvarene me har så mykje av i Valdres.
Ikkje berre oppskrifter
Ho fortel at boka er inndelt i ni kapittel med i alt 90 oppskrifter. – Me hadde så mykje å ta av, problemet var å velja bort. Det er lagt vekt på å gjera boka inspirerande og koseleg å lesa, ein skal kunne ta henne med å lesa ein stubb i senga om ein vil. Eivind har skrive litt om korleis det var når han vart for stor til å vera med på stølen, og heller måtte vera heime i onna og hjelpe til. Eg har fått far min til å fortelja om korleis det var med matstellet under krigen.
Frå fjorårets Vinjerock. Her stilte Randi Ødegården med killing som Eivind og Berit steikte i ei steinsett jordgrop. Foto: Nils Rogn
 Også Vinjerock!
- Stølen er hjartebarnet vårt, og det har blitt plass til mykje stølsmat. Elles har me skrive om bærplukking og bruk av bær, jula med sine julebukk- og mattradisjonar og mat som vart nytta i onna. Vinjerock har også fått sin plass, her var Eivind og eg med og laga ”backstage”-maten i fjor. Det vart sett stor pris på av alle artistar. I boka er det også med sju gjesteskribentar. Her nemner ho Bergit Bolstad, Ola Hedstein og Viggo Sandvik, som har skrive avslutninga på fiskekapittelet.
Foto frå Valdres
Ei matbok i dag må sjølvsagt også freiste med gode bilde. - Fotograf Mari Svenningsen har vore med oss til Valdres fleire gonger, både på stølen hjå meg og heime på garden hjå Eivind. Her fekk me far hans til å sette opp ei hes for å skape eit tradisjonelt kulturlandskapsbilde. Mange vil nok kjenne att både folk og landskap i fotoa.
Budeie
Berit Ildjarnstad fortel at ho dei siste 13 åra har jobba som frilans innan mat. Ho meiner bestemt at det har vore det rette valet for henne og familien. – Ikkje minst fordi eg då kan vera budeie på stølen vår på Sørre Syndin, ler ho. – Sjølv om det ikkje er dyr der lenger, er me her mist to månader kvar sommar. Då er eg nesten ikkje på Fagernes ein gong, men kosar meg med stølslivet og fjellet.
Spent
No er ho spent på korleis boka blir motteken. Ho trur mange valdrisar vil kjenne seg att i dei matrettene og oppskriftene som er med i boka. – Eg håpar også at mange av hyttefolka i Valdres vil kjøpe boka, og finne ut at den tradisjonelle valdresmaten er grepa god!
Skulle du ikkje få ta i boka på annan måte, kan ho tingast her: www.heimatboka.no
Her kan du sjå ein videopresentasjon på YouTube.

Inngress- og illustrasjonsfoto fra boken: Mari Svenningsen

Tekst og foto:Nils Rogn/www.valdres.no

 

 

MENY SPAR kiwi joker NORGESGRUPPEN MATPRAT Eivind Haalien Berit Ildjarnstad  MATOPPSKRIFTER BYGDEMORO Valdres Dagligvare lokalmat Oppland Rakfiskfestival Norsk