Øystre Slidre kommune ønskjer næringsutvikling gjennom busetting og innovasjon
Bildet over: Frå venstre: BDO-analytikar Rune Blom, rådmann Jostein Aanestad og prosjektleiar BDO Harald Husabø. Øystre Slidre kommune ønskjer å forsterka den positive folketals- og næringsutviklinga kommunen har hatt, og har engasjert konsulentfirmaet BDO i eit prosjekt for å sjå på kva faktorar som er avgjerande for å styrke busettinga, auke innovasjonsevna og stimulere næringsutviklinga. Kommunen byr på ein natur som inviterer til mange slag fritidsaktivitetar, milevis med preparerte skiløyper,