Valdres barne- og ungdomsteater set opp framsyninga ”Folk og røvere i Kardemommeby” helga 28. Og 29. april.
Over seksti barn har øvd i månadsvis på rollene sine. No er det hektisk innspurt mot premieren på Fagernes kulturhus fredag 28. april kl 18.00.
Valdres barne- og ungdomsteater har vore i drift i over tretti år, og aukar berre i popularitet. Etter fleire år med store og proft gjennomførte framsyningar, er det ventelister for å koma inn.
Teateret er ein del av kulturskuletilbodet, men er også i stor grad foreldredrive. Føresette har sydd over hundre kostymer, snekra kulisser og skaffa rekvisittar i heile vinter.
Regissør Anica Seljestad ser fram til premieren og meiner det meste no er i rute. Ho lovar eit fyrverkeri av ei framsyning, for heile familien.
Bildetekst: Sjølv om Tante Sofie, spelt av Målfrid Persvold Ranheim, er så sint som fy, så ser det ut til at alt er i rute til premieren på Kardemommeby.
Valdres Barne og Ungdomsteater er eit populært tilbod i kulturskulen, og det har vore ventelister for å vere med. Teateret er foreldredrive og har helde på i 30 år, dei foresette har sydd alle kostymer og laga alle kulissene sjølve. Regissør for stykket er Anica Seljestad.