På Hyttemessa 2024, som held på denne helga på Hellerudsletta, har eit par valdrisar tatt turen for å presentere sine tenester for potensielle kundar også utanfor dalen.
På biletet over er det «A-laget» frå Vyrk som er på plass. Frå venstre: Guro Håvelsrud Odden, Even Viken, Kim Bøland, Frank Overdevest og Irene Goflebakke.
Artikkelen er skrevet med annonsestøtte fra: Kjell Ove Halvorsen og»Halvorsengruppen»-, Robølshøvda Hyttegrend Byggmester Ranheim A/S og Vyrk
18 000 hytteeigarar drøymer om å kome til hytta si i vene Valdres. Sjølv om mange allereie har fått oppfylt hyttedraumen sin, er det framleis rom for fleire hytter og dermed fleire glade deltidsinnbyggjarar i dette idylliske dalføret. No har nokre av dei mest sentrale representantane innan hyttemarknaden frå dalen samla seg på Hellerudsletta for å lokke til seg fleire kundar og besøkande til «dalenes dal»!
Hyttedraumen er verkeleg for nokon, medan andre framleis lengtar etter eit stille og roleg krypinn. I Valdres tilbyr dei ein brei palett av tomter, hytter og andre tenester til dei som ynskjer å leve livet som deltidsinnbyggjarar, kjent som hyttefolk.