Talar og intervju på Krokånbrue opningsdagen. -Innslag frå direktesendinga

Talar og intervju på Krokånbrue opningsdagen. -Innslag frå direktesendinga

19 juli vart Krokånbrue på Vaset offisielt opna etter ein solid dugnadsinnsats frå både deltidsbebuarar og innbyggjarar i Valdres. Vasetløypene har vore byggherre for brua, som no er ein viktig del av løype- og turnettverket, både sommar og vinter. Bidrag frå næringsliv og private, både frå dalføret og Oslo, har vore avgjerande for realiseringa av brua.

Biletet over frå venstre: Steinar Trøen frå Valdresrittet. Ordførar Haldor Ødegård i Vestre Slidre kommune. Eldsjel og dugnadsmann Svein Erik Ski og Sverre Flatmo frå Vasetløypene.


Opningsseremoni
Brua, som no toler at løypemaskina køyrer over, og dessutan at både to- og firbeinte kan kryssa Krokåne heile året, vart feira med talar og intervju på opningsdagen. Etter dei formelle delane fekk alle dei frammøtte servert både majel og kake.

Taler og snorklipping

Klikk på namna under for å komma direkte til intervju eller taler frå opningsdagen:

Talar:
Sverre Flatmo: Styremedlem og driftsleiar i Vasetløypene, heldt ein engasjerande tale der han takka bidragsyterane og brua sin om for lokalområdet.
Haldor Ødegård: Ordføraren i Vestre Slidre kommune klipte snora og heldt ein tale om fellesskapet som har gjort prosjektet mogleg.
Frank Wangensten-Mo: Arrangementsleiar for Valdrestrippelen, talte om den viktige rolla til brua i å knyta saman løype- og turnettverket.
Intervjuer
Fleire nøkkelpersonar vart intervjua i samband med opninga:

Ordførar Haldor Ødegård
Sverre Flatmo
Frank Wangensten-Mo
Arnfinn Helge Kvam: Banksjef i Valdres Sparebank
Henrik Skattebo: Dagleg leiar Byggmeister Ranheim
 På vegner av nettavisa Langsveien.no lesarane takka Roy Myrland og overleverte eit minne for innsatsen som dei involverte har gjort for fellesskapet og folkehelsa på Vaset.

Ps.Banksjef Arnfinn Helge Kvam fekk òg takken sin etter at kameraet var slått av.
Dette er  ei storhendinga for Vasetløypene og markerer eit viktig skritt for å forbetra tilgjengelegheita og tur-/skiopplevinga i Vaset-området, både for lokalbefolkninga og deltidsinnbyggjarar.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

5 + 19 =