Høgfjellskremar med «mammonorgel».

Høgfjellskremar med "mammonorgel".

På Tyinkrysset, midt mellom aust og vest på E16 og på den naturskjønne Kongevegen-ruta, finn du Noregs største Joker-butikk i areal. Med sine 1200 kvadratmeter og opne dører alle dagar i veka, har Joker Tyinkrysset vorte ein uunnværleg del av lokalsamfunnet og ein populær stoppestad for vegfarande.

Artikkelen er skrevet med støtte fra: Meny Søndersrød, Helgeroa Meny Stavern Joker Ryfoss og Wangensten As

Familiebedrifta

Joker Tyinkrysset er ei familiebedrift og sidan 2000 er det Sissel og Anders Hermunstad (biletet over) frå Øye i Vang kommune som har «styrt skuta». Saman har dei to driftige diskenspringerane vidareutvikla butikken, og no i vinter vart den siste utbygginga og utvidinga ferdigstilt.

Visjonen til kjøpmannen

Anders Hermundstad har lagt sjela si i å skapa ein butikk som dekkjer alle behov. «Me ønskjer å tilby meir enn berre daglegvarer. Hos oss finn du òg jernvare, Rikstoto, bensin, apotek og til og med ein lottokupong,» fortel Hermundstad med eit smil. Med denne allsidigheita har butikken vorte eit samlingspunkt for både lokalbefolkninga og tilreisande.

Lokalmat og service i særklasse

Tilsette og familie er alle stolte av å kunna tilby lokalmat av beste sort. «Me ønskjer å gi kundane våre den beste opplevinga, med ferske, lokale råvarer og eit breitt utval,» seier Anders. Mange stussar på det store sortimentet vårt, med eit vareutval som er meir enn dobbelt så stort som hos «Kiwi-Rema», men kundane våre set verkeleg stor pris på valfridommen det gir. Spesielt når folk har fri og ønskjer å laga mat og kosa seg i fritidsbustaden sin, ønskjer dei gjerne å kjøpa det litt unike og spesielle til middag eller lunch.

Eit samlingspunkt for fjellgrenda

For lokalsamfunnet har Joker Tyinkrysset vorte meir enn berre ein stad å handla. Den fungerer som eit samlingspunkt der folk møtest, deler historier og byggjer nettverk. Kaffikroken speler ei sentral rolle i dette, kvar både fastbuande og tilreisande kan setja seg ned for ein prat. «Det er noko spesielt å kunna tilby ein stad der folk kan møtast og kjenna seg heime, sjølv om dei er på farten,» seier Hermundstad.

Ei lys framtid

Med den siste utbygginga ferdig, ser både tilsette og drivarar optimistisk i framtida. «Me er takksame for støtta frå kundane våre og ser fram til å halda fram med å vera ein viktig del av dette fantastiske samfunnet i høgfjellet i Valdres», seier kremaren før han set seg i kassa og spelar opp på «Mammons orgel» for å betene kundar med fulle handlevogner.

Så neste gong du er på veg over fjellet, ta turen innom Joker Tyinkrysset – ein stad der du alltid vil bli møtt med eit smil og god service. For fjellgrenda er denne butikken ikkje berre ei nødvendigheit, men eit varmt og innbydande samlingspunkt som bind menneske saman og er med å skapa eit levande samfunn heile året.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

five × one =