Rogn Camping – Ei heilt unik perle langs E16, men det er mørke skyer i horisonten.

Rogn Camping - Ei heilt unik perle langs E16, men det er mørke skyer i horisonten.

Langs vegen i Vang i Valdres ligg ein av dalførets aller trivelegaste og best liggjande campingplassar, Rogn Camping.

Biletet over: Kari Birgit Lien

 Takk til Vang Auto-Service AS Vigas- Valdres Industrigulv AS og Valdresrittet for annonsestøtte.

Denne idylliske plassen blir driven som ei god gammaldags familiebedrift, og har plass til vegfarande på både E16, «Mjølkeruta» og «Gamle Kongeveg». Her finn dei ein naturleg og roleg overnattingsstad på ferda si gjennom Valdres. Trafikantar frå heile Europa set òg stor pris på overnattingsmoglegheitene i hyttene på plassen, og dessutan er aurefiske i Begna (Storåne) – ein magnet for dei fiskeinteresserte. Elva, som gjer ein sving rundt campingplassen, er kjent for dei spesielt store aurane sine som står i stryka og kulpane her forbi plassen.

For dei som trivst i vatn, er badeplassen og det friske fjellvatnet som renn vidare mot Drammen eit «must». Her er det verken solsenger eller innpåslitne seljarar, berre moglegheita til å nyta sola på mjuke, slitne svaberg og i svalande granskogskugge. Rogn Campings gamle kiosk er heilt spesiell. Med historisk togpanel på utsida, er ho eit unikt fotoobjekt for dei besøkjande som også kan handle lokalt handverk gjennom kioskluka.

Kari Birgit Lien og Nils Rogn, som driv plassen, fortel at minne og tilbakemeldingar frå tidlegare gjester er mange og gode. «Me følgjer òg med i tida og utviklar oss for framtida, og det nye servicebygget vårt vil også vera eit tilskot til fleire enn turistane våre. Bygget kan også leigast for møte, kurs og mindre feiringar.

Uansett kor triveleg og godt det er på Rogn Camping, er det mørke skyer i horisonten. Begna har eit fall på nokre få meter, og no vil utanlandske, nasjonale og lokale interesser byggja ut området. – Både gardsdrift og campingdrift vil bli negativt berørt i anleggsperioden og verknadane på lang sikt er ikkje i særleg grad belyst og drøfta, seier Kari Birgit. Men som kjent, vangsgjeldingane er både målretta og stae. Det bør muligens direktørane i Clemens kraft og andre pådrivarar merke seg. Kraftverk bidreg ikkje nødvendigvis til fleire trygge arbeidsplassar og fast busetjing i dalføret – med mindre fallrettane framleis er lokalt eigd, eller lokale arbeidsplassar bevisst blir ein del av utbyggingsavtalane.  Det har valdrisen lenge erfart!

Kari Birgit og Nils vil at Rogn Camping skal halde fram med å vera ei naturnær nisje innimellom dei store og velutbygde campingplassane langs vegen i Valdres. Med nærheit til fiskeelv og badeplass, med torvtekte tømmerhytter og triveleg vertskap, er dette ein plass kor minne blir skapt, kjærleik til dalføret blir forsterka og vennskap blir bygd.

Uansett kva utfordringar som måtte koma, står Rogn Camping som eit symbol på det beste av det Valdres har å tilby.

https://www.rogncamping.com/

Facebook – Rogn camping

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

seven + seven =