Festdag!

Festdag!
Sebu Bil & Bensin A/S, feira 70 år.

Sebu Bil & Bensin A/S, ei viktig servicebedrift ved fv. 51 i Storefoss, Øystre Slidre, har vore i drift i 70 år. Bedrifta vart etablert i 1954 av brørne Oddvar og Gudbrand Sebu og har sidan vakse til å bli ein solid arbeidsplass, viktig servicetilbod i kommunen og populær stoppestad for tilreisande.

Annonsørar: Beitostølen Helsesportsenter Gjendebåten og Valdres Bakst As

I dag blir bedrifta leidd av søskenparet Dagny Sebu-Nordtorp og Per Sebu, med fokus på bensinstasjon, bilverkstad, dekkbutikk, og dessutan utleige og sal av tilhengjarar og bilberging. Eit generasjonsskifte er i gang, og tredje generasjon Sebu har no vorte ein del av drifta.

Bygget dei held til i vart oppførte i 1978, medan dekksenteret kom til i 1986. Tidlegare heldt bedrifta til nokon kilometer lengre sør i bygda. Laurdag 21. september vart jubileet feira med stor tilstrøyming av besøkjande og mange aktivitetar, før festen heldt fram for dei ca 30 tilsette på Beitostølen. (Ps. -Alle møtte som vanleg på jobb måndag morgon.)

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

15 − 13 =