Målarkurs og rakfiskfestival.
Valdres Folkemuseum er ein levande og lærerik stad. No blir det malekurs same helga som rakfiskfestivalen. Som namnet tilseier blir det teke vare på gamle ting og teknikkar der på eit museum. No skal det haldast kurs i tradisjonsmåling i Slidrehuset på museet samme helg som Rakfiskfestivalen, 31. okt, 1. og 2. november kl. 09.00-16.00 (21 timar). Kurset skal innehalda måling med tradisjonelle teknikkar, slik som ådring, lasering og marmorering.