Magnus Goflebakke (85 år) bur på Melbybråten i Øystre Slidre, saman med sin kjære livsledsagerske Gunvor og to herlege kattungar. Han er eit levande symbol på den gamle fjellkulturen som har prega fjellområdet heilt aust i Valdres mot Gausdal og Nordre Land.
Dei fem videointervjua er nederst i artikkelen.
Gjennom eit langt arbeidsliv har han m.a. vore heste- og sauegjeter, friluftsmann og dyreelskar. Dette har gitt Magnus ei djup respekt for både dyr og menneske. Sjølv om arbeidsmåtane har endra seg, og mange av tradisjonane han har vore ein del av, er i ferd med å forsvinne, lever nokon av minna vidare gjennom hans forteljingar i videoane under.
Med eit varmt smil reflekterer Magnus over dagens turkultur. For han har alltid turane i fjellet om fridomen til å utforske utan å vere bunden til opptrakka stiar. -«I dag går folk berre på stiar. Det er litt synd, for det er i terrenget, utanfor stiane og over myrer, dei finaste naturopplevingane er,» fortel han med ei tydeleg lengsel i stemma.
Magnus sin djupe omsorg for dyra har skapt gjensidig tillit, noko som har vist seg i fjellet der han har tilbrakt mange år som gjetar. Når han snakkar om hingsten «Dala Svarten», eller dei trufaste hundane og shetlandsponnien som følgde han på turane, skinn det gjennom at desse dyra var langt meir enn arbeidskameratar – dei var vener og følgjesveinar som har betydd mykje for han.
Gjennom åra har Magnus hatt sitt virke i fjellområdet til Skrautvål Sameige og på Lenningen, der han har levd i tett samspel med naturen. Det er ikkje berre dyra, men også fjella som har hatt ein spesiell plass i hjartet hans. Magnus Goflebakke representerer ei generasjon som har levd i pakt med naturen, og som har forstått verdien av respekt for både dyr og landskap. Minna av opplevingane han har hatt «aust i fjellet» er frå ei svunnen tid som å få oppleve i dag.
Gjennom ei videoserie laga i samarbeid med redaktør Roy Myrland frå nettavisa Langsveien.no deler Magnus sine mange historier. Han fortel levande om kvardagen som heste- og sauegjeter, om dyra som har følgt han, og om dei mange opplevingane i fjellet. Nokre av historiene er prega av dramatikk, andre av ro og refleksjon, men alle gir eit unikt innblikk i eit liv levd tett på naturen.
Del 1: Magnus
I denne delen får vi eit innblikk i Magnus sin tilknyting til bygda og eit minne frå fellesskapet i fjellet. Sjå her.
Del 2: Skotet ved Fukhamaren
Eit anna minne som har sett djupe spor i Magnus, er hendinga ved Fukhamaren, der eit skot blei løyst ut. Dette er ei av mange forteljingar om korleis livet i fjellet til tider var prega av uventa og dramatiske situasjonar. Han fortel også litt om sauehaldet i Skrautvål Sameige i denne videoen. Sjå her.
Del 3: Hestegjetar og epilepsi
Ein av Magnus sine mest kjære følgjesveinar var hingsten «Dala Svarten», som ofte var med han i hestefølget. Magnus fortel med varme og respekt om den sterke hesten, som ikkje berre var ein arbeidskamerat, men ein god ven. Forholdet mellom Magnus og «Dala Svarten» er eit vitnesbyrd om tillit og respekt mellom menneske og dyr. Sjå her..
Del 4: Skumle hendingar i fjellet
Ei dramatisk historie Magnus deler, er møtet med ein bjørn ved Reinsjøen, på grensa mellom Nord-Aurdal og Gausdal kommunar. Sjølv om slike møte kan vere farlege, fortel Magnus med ei ro og stoisk haldning til naturens vilkår. Sjå her.
Del 5: Raude fiskegarn, alderdom og bruk av fjellet
Magnus Goflebakke fortel om båtkjøp, bruk av fjellet, fisketips, pratar litt om alderdommen, og det siste besøket på sjukehuset. Sjå her.