Justisminister Emilie Enger Mehl og gruppeleiar for Sp i fylkestinget, Aud Hove, besøkte Dokka vidaregåande skule 4. desmber for å møte elevar, tilsette, næringsliv og politisk leiing i Nordre Land kommune. Besøket kom som ein direkte respons på den kraftige motstanden mot vedtaket frå Arbeidarpartiet, Høgre og MDG i fylkestinget, som har skapt desperasjon og sinne i lokalsamfunnet.
Under møtet vart det delt sterke vitnesbyrd om korleis vedtaket påverkar både skulen og samfunnet rundt. Representantane fekk høgre historier om frustrasjon og uro, medan både elevar og tilsetja uttrykte stor bekymring for framtida. Situasjonen vart omtalt som alvorleg og opprivande, samtidig som det er ei sterk motkraft i dei ramma lokalsamfunna. -Drygt 4000 deltok i fakkeltoget «Ikke rør Dokka VGs» arrangerte tidlegare.
I eit intervju med Roy Myrland frå nettavisa Langsvegen.no understreka Mehl og Hove kor viktig det er å kjempe for skulen si vidare eksistens og å lytte til dei som er råka. Aud Hove påpeikte at situasjonen rører ved kjenslene til folk: «-Dætkji langt innpå tåran.» Besøket reflekterte eit tydeleg politisk engasjement og eit ønskje om å finne løysingar på ein konflikt som grip djupt inn i kvardagen til dei berørte.