Heim til jul.

Heim til jul.

Det er ikkje berre folk som reiser land og strand for å kome heim til jul. Utleigescooterane til Vang Autoservice A/S skal også fraktast heim etter å ha vore utleigde til Beitostølen Skistadion under sesongopninga. – Utleigemarknaden er avgrensa av lover og reglar, men hjelpekorps, firma og arrangement som det på Beitostølen er faste kundar, fortel Jonathan Øraker (biletet over)  i Vang Autoservice.

Artikkelen er skrive med annonsestøtte frå: Arves Vaktmesterservice Lodge 900 Snøservice As og Beitostølen Resort

I Valdres er det lov med snøscooterkøyring i anlegget på Magistadåsen, mellom Vestre og Øystre Slidre, der nokre av landets beste snøscooterutøvarar trenar. – Det blir lange bilturar for dei som satsar, men valdrisane bit godt frå seg i snøføyka, anten det er i Finnmark eller Troms, seier Øraker.

Når scooterane skal heim, trengst både ein stor hengar og eit solid «trekkdyr». –Beitostølen til Vang er som ein liten svipptur for oss. Vi har kundar over heile landet men dei fleste av kundane våre kjem frå Valdres og Sogn, avsluttar Øraker praten i det den dunlette julesnøen dalar ned over Beitostølen Stadion.

Les meir på vangautoservice.no.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

12 − eleven =