«Småbrukarånden» lever – Tor Jacob Solberg mobiliserer for Valdres også.
Den unike «småbrukarånden» stod i sentrum då Bonde- og Småbrukarlaga i Valdres inviterte til ope møte med leiar i Norsk Bonde og Småbrukarlag, og «bondehøvding nr. 1», Tor Jacob Solberg på Valdres folkemuseum måndag 6. januar. Småbrukerånden handlar om å setje menneske og fellesskap først – det jordnære, det folkelege, og det å ta vare på kvarandre. Ingen stad kjem dette klårare til syna enn i slagordet til Norsk Bonde- og Småbrukarlag: «Me et alle ved same bord.»
Disse har bidratt til at video og artikkel er blitt til: Brun Bygg As Arves Vaktmesterservice Vang Auto-Service AS og Eiksenteret
Artikkelen fortsetter etter videoen:
Under folkemøtet vart det òg servert eit felles måltid, der både bønder og bygdefolk samla seg rundt bordet. Den heilt unike atmosfæren det blir rundt ei felles matbord symboliserte det som er kjernen i småbrukerånden: openheit, fellesskap og plass til alle.
Bygdene under press
Tor Jacob Solberg er en folkejære hedersmann og leverte ein sterk appell for å ta vare på bygdene som berebjelkar i det norske samfunnet, for å legget til rette for og utvikle bygdene for de unge og fremtidige generasjoner.
– Dei gode, varme og aktive bygdene me er så stolte av, er under press. Når små gardsbruk vert lagt ned, og folk flyttar frå bygdene, står me i fare for å mista noko av det mest verdifulle me har: eit levande kulturlandskap, ein berekraftig matproduksjon og sterke fellesskap. Dette er ikkje berre ein kamp for bøndene, men for heile Noreg, sa Solberg.
Moglegheitene i bygdene
Møtet setja fokus på korleis bygdene kan bli ein ressurs for framtida. Frå talarstolen delte både lokale og nasjonale aktørar innsikt og idear. Ingvild Oldre Heggom snakka om situasjonen for Valdreslandbruket, medan Katharina Sparstad og Astrid Øversveen løfta fram moglegheitene som ligg i Unesco-statusen og utviklinga av Nasjonalt Senter for Fjellandbruk.
Ein visjon for framtida
Solberg avrunda kvelden med ei oppmoding om samhald og handling:
– Me må sjå på bygdene som ei løysing, ikkje som eit problem. Bygdene våre kan bli motoren i eit berekraftig Noreg, dersom me legg til rette for det. Dette er ikkje tida for å gi opp – det er tida for å stå saman.
Folkemøtet var ikkje berre ei samling for å diskutera utfordringar, men også for å dela håp og moglegheiter. I Norsk Bonde- og Småbrukarlag er det alltid plass til fleire rundt bordet – ei påminning om at fellesskap er ein av våre sterkaste ressursar.
Fleire videointervju frå møtet vert snart tilgjengelege på Langsvegen.no.
Tekst og video: Roy Myrland/www.langsveien.no
Foto: Ingvild Oldre Heggom og Roy Myrland