På grunn av store trafikkproblem og lange køar på E6 etter raset ved Morskogen i Eidsvoll, har fleire av nettavisa Langsvegen.no sine lesarar foreslått at Valdresflye kunne opnast midlertidig som omkøyringsveg. Fylkesveg51 (Fv51) er eigentleg vinterstengd fram til 1. april, men no viser det seg at vegen er nesten bar, med berre 2–5 cm snø på vegstrekninga over fleire kilometer.

For reisande mellom nord og sør kunne Valdresflye vore ei effektiv og lønsam omkøyring, særleg for transportnæringa og lokalt næringsliv i Valdres og Sjodalen. Likevel er det viktig å presisere at dersom uvêr og snø kjem tilbake, kan vegen stengjast igjen fram til 1. april.
Samferdselsutvalet i Innlandet fylkeskommune, ved leiar Iselin Visterkleiven, har fått spørsmål frå nettavisa www.langsvegen.no om ei eventuell opning av Valdresflye – spesielt med tanke på dei massive trafikkproblema på E6 og dei moglegheitene denne vegen kan gi for næringslivet, transportbransjen og reiselivet i Innlandet.
Iselin Visterkleiven, som leiar Samferdselsutvalet i Innlandet fylkeskommune, understrekar at ein må vurdere tryggleik og vêrforhold nøye før ei eventuell opning av Fv51 Valdresflye og at ho ville ta saka opp administrativt i dag 13. februar.

Følg med for oppdateringar på vegstatus og vurderingane frå Innlandet fylkeskommune og Iselin Visterkleiven!