Magi under ski

Magi under ski

Skiglede på sitt beste takket være Asgeir Larsen og Sporten Beitostølen

Vinterferien er her, og kva er vel betre enn ein skitur i fantastiske Jotunheimen? Valdresflye byr på ei majestetiske vidde som er omkransa av staslege fjell, men i år har rekordlåge snømengder gjort det ekstra viktig å ha rett utstyr – solide ski og da helst med god glid. Heldigvis finst det magikarar som kan sørgje for skiglede, uansett føre!

Bilete over: Marthe Lindalen og Asgeir Larsen i Sporten Beitostølen

På Sporten Beitostølen er Asgeir Larsen og hans tilsette eksperter på alt frå kva slags ski du bør ha, til korleis du får god glid og godt feste i fjellet. Då underteikna dukka opp med fjellski som hadde lege i garasjen i årevis – med knusktørr såle og slitne feller – var Asgeir raskt på saka.

Med nokre strøk av «Ulla» sitt vidundermiddel og ei runde med spesialbørste på bakrommet, vart skia som nye. – Eg har brukt denne metoden i årevis og har aldri sett meg tilbake, smilte smøremagikaren, før han ønskte god tur.

Og ein god tur vart det! Med fjellski som glei betre enn nokon gong, ein knallblå himmel og akkurat passe mange blå grader, vart skituren over Valdresflye ei heilt  oppleving.

Men Valdresflye er ikkje større enn at «trølla» finn kvarandre. Morten Lindstad frå Beito og underteikna er stadig å sjå langs vegen, eller på ein eller annan fjelltur der jotnane bur. På Fv. 51 vart det sjølvsagt tid til å «henge att etter kjeften» og ta ein liten prat om vêr og føre – for praten går alltid like lett som skia glir, etter eit besøk hos Sporten Beitostølen, når fjellfolk møtest.

Skal du på vinterferie til Valdres eller området rundt Jotunheimen? Du treng absolutt ikkje ha det nyeste av ski og utstyr. Ta turen innom Sporten Beitostølen for ekspertråd og skioptimalisering – det kan utgjere heile skilnaden for at du òg skal få ein skitur for di historiebok!

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

fourteen + 9 =