Norges minste COOP Marked – fjellbutikken med stor sjel.

Norges minste COOP Marked – fjellbutikken med stor sjel.

Her er ein liten, men viktig butikk midt i fjellheimen i Innlandet på Randsverk, der fjellvegane frå Vågå, Fagernes og Heidal møtest. Der ligg ein heilt spesiell daglegvarebutikk – Noregs minste COOP Marked. Omgitt av nasjonalparkane Jotunheimen, Dovrefjell og Rondane, er denne vesle butikken meir enn berre ein stad å handle.

Biletet over: Kremar Nina Brag foran litt av det spananede vareutvalet.

Artikkelen er skreven med annonsestønad frå:: Brun Bygg As Visitgjende – Besseggen Bessheim og @Gjendebåten

Ein sentral stopp for fjellfolk

For dei som kjøyrer Nasjonal Turistveg over Valdresflye og er på veg til  Besseggen, Glittertind, Sjoa eller andre stader, er COOP Marked Randsverk eit naturleg stopp.

På Randsverk kan du handle mat, få lokale turtips eller berre ta ein pause. Butikken fungerer også som resepsjon for campingplassen, som tilbyr både hytter, leilegheiter og plassar for telt og bubilar.

COOP leigar plass til sine dagligvarer og bidrar til dømes også med kassasystem.

COOP Marked Randsverk er åpen i vinterferien (veke 8 og 9) , i påska , og frå 1. mai til veke 40 er det full drift – ofte «døgnet rundt» .

Ein familiebedrift med lange tradisjonar

Ekteparet Nina og Peter Brag har drive butikken, kaféen og campingplassen i over 26 år, og familien har røter i reiselivet gjennom fleire generasjonar. Her er det personleg service og lokalkunnskap som gjeld.

Lokale varer og praktiske tenester

Butikken har eit variert utval av daglegvarer, ferske brød og lokale spesialitetar som elg, reinsdyr og aure – og for den eventyrlystne, til og med bjørnekjøt. Du finn også turkart, fiskeutstyr, suvenirar og gratis WiFi. Kafé med fjellsmakar I kaféen kan du få rømmevafler, elgburger, pizza og andre enkle middagsrettar – perfekt etter ein dag i fjellet.

Alltid klar for ein prat – og gode turtips

Akkurat no held Nina fortet åleine, medan Peter er på ei reiselivsmesse i Tyskland for NHO Reiseliv , der han promoterer campingplassar i Noreg .

Opningstider Høgsesong: 08:00 – 20:00 Lågsesong: 09:00 – 18:00 Marknadsdag i Randsverk Den 14. juni blir det marknad med lokale utstillarar – ei fin moglegheit til å oppleve både kortreiste produkt og god stemning.

📞 Kontakt For butikk og overnatting: 975 03 081 Camping og hytter: 415 63 363

«Non food» og lokaltilpassa sortiment har ekteparet ansvar for sjøl.
Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 + 1 =