Tor Olav Mundal blir rektor i Lom.

Tor Olav Mundal blir rektor i Lom.

Tverrfagleg arbeidsgruppe for framtidsskulen i Innlandet (TAFI) har tilsett noverande avd. leiar for den vidergående skulen i Lom som rektor for Jotunheimen vidaregåande skule.

Artikkelen er skriven med annonsestøtte frå: Brun Bygg As Bessheim Gjendebåten Brun Bygg As Visitgjende – Besseggen Bessheim

Etter 18 år ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Lom – både som lærer og dei siste fire åra som avdelingsleiar – ser han no fram til å leia ein ny skule i heimbygda. – Eg ønskjer å ha arbeidet mitt i Lom, og det er heilt avgjerande at det framleis finst eit godt skoletilbod her. Dette prosjektet gir håp for framtida, både for elevane og bygda, seier Mundal. Han har fått mange positive tilbakemeldingar etter at han valde å seia opp stillinga i Innlandet fylkeskommune for å takke ja til rektorjobben ved Jotunheimen vidaregåande skula. -Og eg skal fullføra skuleåret ved NGVGS før eg startar arbeidet ved Jotunheimen vgs for fullt, seier han.

Fylkeskommunen har opptredd ryddig i denne prosessen, og Mundal understrekar at han set pris på samarbeidet dei har hatt gjennom åra. Han blir ikkje åleine om å gå over til den nye skulen. –Det er fleire lærarar som har sagt at dei ønskjer å bli med. Det er fantastisk, for det er nettopp lærarane som skaper eit godt læringsmiljø, seier han.

Snautt 90 elevar har allereie søkt plass ved skulen, som startar opp hausten 2025 som privatistskule. Målet er at han skal bli ein offentleg godkjend vidaregåande skule innan 2026. Mundal ser fram til oppgåva som ventar: – No handlar det om å få dette skikkeleg på plass. Eg gler meg til å ta fatt på jobben, avsluttar han praten med nettavisa Langsvegen.no!

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

1 × 5 =