mars 19, 2025

Meter på meter med vaflar. -Siv Lexberg og Judith Anita Klopbakken har steikt dei. I ALTI Valdres på Leira har det siden nyttår vore ein pop-up kafé i 1. etasje. Dette kjem av at kafeen i 2. etasje blir bygd om og totalrenovert. Siv Lexberg og Judith Anita Klopbakken står for serveringa og byr på ferske rundstykke og sprø, nysteikte vaflar til kundane. Mange set pris på det nylaga som serveras og det romslege lokalet, der dei kan slå av ein prat i fred og ro medan dei nyt maten. – Det har gått med fleire hundre liter vaffelrøre sidan nyttår, fortel Siv til Lagsvegen.no . Med litt enkel hovudrekning, basert på at dei solide vaffelplatene er minst ein centimeter tjukke, betyr det at vaffelstabelen ville ha vore om lag fire meter høg – altså takhøgt med vaflar! Den nye kafeen opnar 1. april , og denne gongen med ein ny drivar: Erling Theodorson frå Aurdal . Med lang erfaring innenfor mat og servering gler han seg til å skape en koseleg møteplass for både lokalbefolkninga og besøkande både ute og inne i 2. etg. på storsenteret. #AltiLeira, #Vaflar, #Kafé, #PopUpKafé, #Lagsveien, #Nysmurt, #Lokalmat, #Kaffikos, #GodStemning, #Valdres #Langsvegen

Meter på meter med vaflar. -Siv Lexberg og Judith Anita Klopbakken i «Mormors kafé» har steikt dei. Annonsørar: Kjell Ove Halvorsen Valdres Bakst As og Hovrud Auto I ALTI Valdres på Leira har det siden nyttår vore ein pop-up kafé i 1. etasje, med det klingande namnet «Mormors kafé». Dette kjem av at kafeen i 2. etasje blir bygd om og totalrenovert. Siv Lexberg og Judith Anita Klopbakken står for