Han passar på kantane.

Han passar på kantane.

 

Tamreinane i Jotunheimen har no byrja reisa si mot områda for sommarbeiting etter kalvingen. Dyra til Fram Reinlag vil beita mellom Bygdin i aust og Tyin i vest, og sør for innsjøen Bygdin.

Jon Anders Opdal er ein erfaren reingjetar og forklarer at reinsdyra til Fram Reinlag naturleg trekkjer nord-vestover frå vinterbeita ved Røssjøkollane ved Lenningen i Etnedal til Vang. «-Simlene finn sjølv vegen til det beste beitet, men me følgjer nøye med på kantane for å sikra at dei held seg innanfor dei tiltenkte området,» fortel Jon Anders Opdal

Annonsørar: Trio Elektro As Erik Martin Berge AsWangensten As og Meny Søndersrød, Helgeroa Dag Arild Bakken

Han er no på veg til gjetarhytta ved Eidsbugarden, der vegen nettopp har vorte opna, for å rigga seg til for sommergjeting. (Gjetarhytte for vinteren er plassert ved Yddin i Øystre Slidre). «-Nesten alle dyra har nådd sommarbeita, men me har ein flokk igjen ved Båtskardet i Øystre Slidre som skal kryssa vegen dei neste dagane, så det er fint om dei vegfarande tek omsyn og køyrer litt roleg på rv. 51 nord for Beitostølen» avsluttar Jon Anders Opdal praten.

Med drone og topptrente hundar sørgjer Jon Anders Opdal og dei andre gjetarene i Fram Reinlag  å overvaka og sikra at reinsdyra held seg i områda dei skal vera.

 

 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

fifteen − fourteen =