Staut og kåt nordfjording.

Staut og kåt nordfjording.

Hesteslipp på Tronhus er ein årleg tradisjon der hestar får gå fritt i fjellet i sommar-månadene. Akershus Dølalag, leia av Frida Sæther Brenna, organiserer dette slippet. I år inkluderer det den staute hingsten «Skjerven Svarten,» eigd av Olav Stormorken frå Nordfjordeid (bilete).

Artikkelen er skrevet med støtte fra: Annonsører: Rørlegger Brager Eivind Lyseng og Robølshøvda Hyttegrend

Sammen med 14 hopper som vart sluppe no, pluss 2 til på etterslipet, skal Skjerven Svarten tilbringe sommaren i grenseområdet mellom Etnedal, Nordre Land og Gausdal. Forhåpentlegvis er hingsten «på» slik at resultatet blir spreidd i 16 føll om ca. 11-12 månader.

Tidlegare var det også hesteslipp på Lenningen, nokre kilometer unna, som var ei kjent hending i Etnedal kommune. Hesteslipp på Lenningen har vore ein del av den lokale kulturen i mange år, men vart avslutta på grunn av konfliktar med hyttebygging i området.

Hestene blir sleppt lause for å beite fritt i fjellet, noko som gir dei moglegheit til å leve naturleg og styrke helsa og trivselen. Dette området er ideelt for slikt beite på grunn av sine rike ressursar og vakre omgjevnader, fortel Frida Sæther Brenna til nettavisa Langsveien.no. – Viktig er det også at vi tar vare på kulturarven med dølahest på fjellbeite, og dyra beiter og er med å held kulturlandskapet ope. Hestefølget skal passast på av rutinerte gjetarar gjennom sommaren, avsluttar ho praten om kjekkasen frå Nordfjordeid og «jentene» hans.

Denne tradisjonen på Tronhus er ein del av eit større bilete av hesteslipp i Noreg, inkludert stader som Sikkilsdalen og Bekkelægret, der hingstar med sine hoppefølgje nyt sommaren på høgfjellet. Norsk Hestesenter på Starum har ansvaret for mange av desse slippa, som opprettheld gamle tradisjonar innan norsk hesteavl.

For meir informasjon om hesteslipp og historien bak denne tradisjonen, kan du besøke Norsk Hestesenter

Om Skjerven Svarten; er født i 2020 og er e. Morka Bron og u. Stensli Maimolly. Hingsten ble kåret og sto som II i kvalitet på Stav i 2023. Under årets hingsteutstilling ble han beste UB-hingst, fikk 2.premie, sto som I i kvalitet og ble dagens hest. Han viste  gode bruksegenskaper og ble også belønnet med karakteren 10 for sitt fantastiske trav.

Omtale Stav 2024: Oppsynt hingst av meget god type. Bredt ansatt hals. God bogvinkel. Markert manke. Særdeles godt kryss. God muskulatur. Velstilte, gode bein. Overbein innvendig v.f. Meget godt skritt. Elastisk, taktfast, ledig meget godt trav. God balanse i galopp. Hingsten er rangert som nr. 1 av 8 UB hingster.

Foto: Roy Storli

Tekst: Roy Myrland

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

20 − six =