Endeleg vart det nye ski og ny snø.

Endeleg vart det nye ski og ny snø.

Skiskyttar Martin Jørstad Ringli smilte breitt då han kom Beitostølen for å henta det nye skiparet i sesongen i Sporten Beitostølen. -Nysnø på Bitihorn og nye ski fra Sporten Beitostølen gjør noe med humøret til ei ivrig skisyttar.

Men først.. -Bli gjerne abonnent på Langsveien.no og bidra til fleire slike artiklar her. https://www.langsveien.no/abonnement/

Biletet over: Skiskyttar Martin Jørstad Ringli klar for ny sesong med Team Geilo. Gleda var tydeleg, og ho var dobbel for både Martin Jørstad Ringli og Asgeir Larsen i Sporten Beitostølen– både fordi det no har komme nysnø i fjellet, og fordi skisesongen snart kan starta for alvor.

Fagprat og forklaring om «snøgrep» og skifunksjon.

Dei nye skia han fekk, er kjent for å ha eit av dei beste glida frå skifabrikken, noko som gir ekstra optimisme før konkurransane i vinter. Martin, opphavleg frå Øystre Slidre, er no busett på Lillehammer, der han trenar med Team Geilo.

Laget møtest omtrent ein gong i månaden for samlingar, og Martin er svært fornøgd med korleis treningsopplegget fungerer. I oktober ventar tre veker i høgda i Austerrike saman med teamet, som blir trena av Carl Henning Gran og med Dag Bjørndalen som skytetrener. Denne sesongen konkurrerer Martin i menn 20-22-klassen, der han har som mål å komma blant dei beste. Som yngstemann i klassen blir det ein utfordrande sesong, men med dei nye skia, sterk treningsmotivasjon og eit dedikert team i ryggen, ser han fram til å ta fatt på konkurransane med fullt pågangsmot. Ut i verden med de beste skia. Knutshøe med nysnø på Bukehåmaren

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

15 − 2 =