Fyll frysaren med «Rein frå Jotunheimen» i Olø denne helga.

Fyll frysaren med "Rein frå Jotunheimen" i Olø denne helga.

Styreleiar Hallgeir Opdal i Fram Reinlag, saman med erfarne gjeterar og fjellfolk riggar i stand samlekve og slakteplass ved Olø i Vang kommune no.

Denne helga skal 4-5000 reinsdyr sorterast til livdyr og slakt av erfarne gjetarar og hjelparane deira. Flokken som har beiteområdet sitt sør for Bygdinvatnet og Vinstern, samlast no frå Tyin i vest til Bygdin i aust. Det skjer ved hjelp av folk til fots og av helikoptere.

Hallgeir Opdal fortel i videoinnslaget at alle er velkommen til å sjå og oppleva dyra i og utanfor samlekveet i den majestiske naturen eit par kilometer nord for på Slettefjellvegen (adkomst fra Beitostølen eller Vang) ved Fleinsendin i Vang kommune.

Heile skrottar av kalv kan kjøpas på slakteplassen.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

seven − 4 =