Fjellfolk langs vegen.

Fjellfolk langs vegen.

Fylkesveg 51 over Valdresflye er spesielt utsett for ekstreme vêrforhold. Om vinteren er vegen stengd og dekt av snø og is, medan i dei snøfrie månadene herjar vêr og vind fritt. Eit viktig vedlikehaldstiltak er å fylla på og stabilisera stripa med grus, som blir sliten av trafikk og kreftene til naturen, langs asfaltkanten.

Som Nasjonal Turistveg tiltrekkjer vegen mange besøkjande, og hyppig av- og påkøyring av turistar og skodelystne slit ekstra på grusstripa. Odd Arne Rødningen (biletet over) og kollegaene i Beitostølen Anlegg A/S har derfor no hatt som haustarbeid å etterfylla og tromla grusen før vinteren. Dette sikrar trygg ferdsel, også for dei som køyrer litt utanfor asfaltkanten «der vegen svevar».

Vebjørn Løvgreen Nereng har jobben med å køyra tonnevis av grus opp på Valdresflye.

Annonsørar: Montér Storefoss SPAR Beitostølen og Vigas- Valdres Industrigulv AS Relaterte:Beitostølen Anlegg As Nasjonalparkriket Visit Jotunheimen Visitgjende – Besseggen

 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

fourteen − seven =