Spennande nyheit på Beitostølen

Spennande nyheit på Beitostølen

Snøen ligg klar i løypene ved skistadion på Beitostølen, og både skiskyttarar og andre vinterentusiastar stortrivst med at årets skisesong endeleg er i gang.

Artikkelen er skriven med støtte frå: Peppes Pizza Vigas- Valdres Industrigulv AS Nesjar AS og Per Gunnar Tanum

Sjølv om den offisielle sesongopninga først er om 14 dagar, har skiseongen i Sporten Beitostølen vore i full gang lenge. Asgeir Larsen og teamet hans har vore ute på fleire turar og plukka ut ski med perfekt glid frå produsentane, og smøring for både feste og glid er no på plass i butikken.

Biletet over: Eilin Kolbu Haugen og  Asgeir Larsen I det nye lokalet som tidlegare var restaurant.

– Me har fått inn unike ski som gir fantastisk glid, og me har alt du treng for smøring, både for feste og glid, seier Asgeir Larsen, eigar av Sporten Beitostølen.
– Me har fått inn unike ski som gir fantastisk glid, og me har alt du treng for smøring, både for feste og glid, seier Asgeir Larsen, eigar av Sporten Beitostølen.

Men den aller største nyheita hos Sporten Beitostølen i år er utvidinga av lokala. I eit nytt rom ved sida av butikken har Asgeir og teamet investert i ein toppmoderne steinslipemaskin, som er ein av dei få i sitt slag i Noreg. Steinsliping av ski er ein avansert prosess der ein bruker ei maskin med slipesteinar for å slipa undersida på skia til optimal form, noko som er avgjerande for å få best mogleg glid på snøen. Maskina sørgjer for at solen til skia blir perfekt jamn og glatt, og dermed kan han bidra til å forbetra både fart og kontroll i løypene.

– Med denne maskina kan me tilby det ypperste innan skipreparering, og det er spesielt viktig for dei som vil maksimera ytinga på skia sine, seier Asgeir.

I tillegg har det nye lokalet fått eit moderne oppsett, med mellom anna avtrekk og utstyr som gjer det mogleg å smørja skia på best mogleg måte. For å gjera skipreparering endå meir lærerikt for kundane, har dei installert ei «kjøkkenøy» i rommet, som gir moglegheit for å halda kurs og visa smøringsteknikker for grupper på 6-7 personar.


– Dette gir kundane ei unik moglegheit til å læra meir om skipreparering og få tips om korleis dei kan få best mogleg utbytte av skiutstyret sitt, avsluttar Asgeir.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

one + twelve =