Hundekjøyrar, journalist og friluftsmenneskje Marit Beate Kasin frå Øystre Slidre kommune er ein av dei åtte nominerte i klassen for sakprosa til årets Bragepris. Med si viktig bok «Naturparadokset» tek Kasin opp det samansette forholdet mellom folk og natur, eit tema som treff tidsanda og engasjerar breitt.
Annonsørar: Visitgjende – Besseggen Sporten Beitostølen og Lodge 900
Brageprisen, som i år blir delt ut for 32. gong, er ein av dei mest prestisjefylte litterære prisane i Noreg. Sidan starten i 1992 har prisen hatt som mål å heidre framifrå norske forfattarskap og skape meir interesse for norsk litteratur. Prisdelinga skjer torsdag 21. november på Vulkan Arena i Oslo.
Prisen blir delt ut i fire kategorier: skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, sakprosa og sakprosa for barn og unge. For meir informasjon om dei nominerte og prisutdelinga, sjå www .brageprisen .no .
Du kan òg sjå Roy Myrland sitt intervju med Marit Beate Kasin i nettavisa Langsveien.no, der ho fortel om kvifor ho skreiv boka: Sjå intervjuet her .
ein, besøk ww