Fullsortiment og litt til i Montér Kvismo.
I Ryfoss i Vang kommune i Valdres ligg Montér Kvismo, ein moderne byggjevareforhandlar med solide røter. Det som i dag er ein del av Montér-kjeden, var tidlegare Kvismo Sag, drive med stødig hand frå 1949 fram til 2014 av Ola og Eivind Wangensteen. Sagbruket var kjent for kvaliteten sin og lokal forankring, og respekten for livsverket deira sit djupt hos dagens tilsette.
Biletet over: Gode og mette karar etter at dagens lunsj er unnagjord. Frå venstre: Jan Lyngstad, Morten Lauvhaug, Leif Hagen og John Andre Hovi.
Dagleg leiar Kjell Magne Kvame kjenner historia godt. Han starta karrieren sin som «kremarlærling» hos Kvismo Sag og leiar i dag ei bedrift med 11 faste tilsette, pluss ekstrahjelparar. Bedrifta har vakse mykje sidan sagbruket si tid og har no eit stort sortiment og store lagerbygningar med eit effektivt plukklager for kundeordre.
– Trelast er framleis vår største varegruppe, men me ser ein klar vekst i elektrisk verktøy, spesielt batteridrivne løysingar, fortel dagleg leiar Kvale. Batteriverktøy har vorte populært blant både hyttefolk og profesjonelle handverkarar. Det er ikkje berre lett og funksjonelt, men gir også betre HMS – ingen leidningar å snubla i eller kutte over!
Forutan å vera den føretrekte lokale leverandøren til mange private og handverkarar, leverer Montér Kvismo varer til heile Austlandet og litt vestover, og hyttefolket er blant dei viktigaste kundane. – Mange av dei tilrår oss til andre, noko me set stor pris på, seier Kvale.
Det er ein tydeleg trend i byggjemarknaden at færre byggjer sjølv. – Tidene har endra seg, og sjølvbygging blant hyttefolket er ikkje så vanleg lenger. I staden ønskjer folk skreddarsydde løysingar og profesjonell hjelp, noko me er godt rusta til å levera både innan interiør og bygg, seier han.
Med eit stort utval i måling, omnar, trelast, byggjevarer, og dessutan moderne verktøy, er Montér Kvismo godt posisjonert for framtida. Og sjølv om mykje har forandra seg sidan sagbruket si tid, lever ånda frå Kvismo Sag vidare – med stoltheit, kvalitet og lokal tilhøyrsel i sentrum.