BEREDSKAPSKVELD FOR HEILE VALDRES: – Viktigare enn nokon gong!
Har du nok vatn og mat om straumen går? Kva skjer med totalberedskapen i ei verd i rask endring? Disse spørsmåla – og mange fleire – står i fokus når Valdres Forsvarsforening inviterer til ein lærerik og tankevekkande beredskapskveld på Valdres vidaregåande skule onsdag 5. mars kl. 18.00–21.00 .
Bak initiativet står Per Kristen Skaran , leiar i Valdres Forsvarsforening, med god støtte frå beredskapskoordinator i Nord-Aurdal, Ivar Svensson . Målet er å skape meir medvit rundt totalberedskap og eigenberedskap , noko som blir stadig viktigare i utrygge tider.
– Me ønskjer å gje folk i Valdres eit realistisk bilete av beredskapssituasjonen både nasjonalt og lokalt. Det handler ikkje berre om staten si beredskap, men også om kva me sjølv kan gjere for å vere budde, seier Skaran.
Spennande program med sterke innleiarar.
Kvelden byr på eit solid program med dyktige fagfolk. Stortingsrepresentant Marit Knutsdatter Strand og regionleiar Marit Hougsrud starter det heile med ein appell, før tidlegare generalløytnant Arne Bård Dalhaug , no president i Norges Forsvarsforening, gir oss eit blikk på endringar i amerikansk utanrikspolitikk og kva det kan bety for Noreg .
Deretter får vi høyre seniorrådgjevar Simen Dølgaard frå Statsforvaltaren i Innlandet forklare kva totalberedskap og eigenberedskap faktisk inneber , før det blir ein velfortent kaffipause og beinstrekk.
Etter pausen blir det fleire interessante innlegg, mellom anna frå Sivilforsvaret , som skal snakke om det utvida beredskapsrådet , og ikkje minst Anders Nordrum , som fortel om beredskapshagen – korleis me kan dyrke vår eigen tryggleik i Valdres .
Kvelden blir runda av med informasjon og oppsummering ved beredskapsleiar i Nord-Aurdal, Ivar Svensson .
– Alle bør få med seg dette!
Dette er ein kveld for alle som bur i Valdres og ønskjer å forstå meir om beredskap , både på samfunnsnivå og i eigen heim. Enten du er nysgjerrig på beredskapspolitikk, lurer på korleis du kan sikre familien din bedre, eller berre vil høyre dyktige folk snakke om eit særs aktuelt tema – her er det noko for deg!
Så sett av onsdag 5. mars, ta med naboen, og møtt opp på Valdres vidaregåande skule kl. 18.00 . Det handlar om å vere budd – for di eiga skuld, og for fellesskapet!