KIWI Farriseidet

"R2" tek over for "R1", men me snakkar ikkje om robotar i Star Wars-universet. Dei nye panteautomatane gjer resirkulering enklare, betre for miljøet – og meir lønnsamt for butikkane. Moderne panteautomatar gir butikkane flire kundar Dei nyaste panteautomatane frå Tomra kostar butikkane ein del, men investeringa ser ut til å løna seg. Fleire kundar vel no butikkar der dei enkelt kan kvitta seg med tomgodset, og det blir tydeleg i handlemønsteret. – Me ser at fleire handler hos oss fordi dei kan panta raskt og enkelt, seier butikksjef Andreas Wallin-Wangsmo ved Meny Stavern. Biletet over: Butikksjef Andreas Wallin-Wangsmo og butikkmedarbeidar Marthe Aske i MENY Stavern ved den nye "R2" maskinen. Den nye "R2"-modellen forenklar panting Den splitter nye "R2"-modellen frå Tomra er no installert både på Meny Stavern og KIWI Farriseidet i Larvik. Ho tek over for "R1", som allereie er blitt litt utdatert. Med den nye maskinen går pantinga raskare, og både fastbuande og turistar kan kvitta seg med tomgodset på ein effektiv måte. Kundane opplever stor skilnad Marthe Aske ved Meny Stavern, som nyleg har tatt fagbrev i salsfaget, har fått fleire positive tilbakemeldingar frå kundane på både fagbrev og den nye panteautomaten. – Dei merkar stor skilnad! "R2" er mer effektiv enn "R1", og mange seier at pantinga aldri har vore enklare. Det er kjekt å høyra kor fornøgde folk er, seier ho. Automatiske panteprosessar sparer tid I staden for å mata inn éin og éi flaske om gongen, kan kundane no tømma heile sekkar rett i automaten. Det sparer tid og gjer heile prosessen mykje enklare. Også KIWI-butikkane merkar denne utviklinga. – Kundane våre sett pris på at dei kan panta i ein fei, og mange vel derfor oss som den faste butikken sin, seier Tom-Erik Engstrøm, butikksjef ved KIWI Farriseidet (biletet over). Ny teknologi og fagleg kompetanse i butikken I tillegg til å oppleva stor respons på panteautomatane, har Maren Aske nyleg fått fagbrev i salsfaget. – Det kjennest utruleg bra! Eg brenn for god kundeservice, og det er inspirerande å sjå at nye løysingar som "R2" faktisk gjer ein skilnad, seier ho. Biletet over: Inne i maskina blir tomgodset lyft opp til ein ein avansert skannar som raskt sender flaska eller boksen bakover i maskina for lagring i rett behaldar. Noreg i verdstoppen for resirkulering Infinitum, som driv pantesystemet i Noreg, jobbar kontinuerleg for å effektivisera innsamlinga av tomgods. Med over 95 % innsamlingsgrad er Noreg i verdstoppen, og med stadig smartare løysingar blir det enklare for folk å bidra til eit meir berekraftig miljø.

«R2» er mindre plasskrevande enn «R1», men me snakkar ikkje om robotar i Star Wars-universet. Dei nye panteautomatane gjer resirkulering enklare, betre for miljøet – og meir lønnsamt for butikkane. Artikkelen er skriven med annonsestøtte frå:  Vaset Skiheiser Brun Bygg As og Trio Elektro As Moderne panteautomatar gjer butikkane fleire kundar Dei nyaste panteautomatane frå Tomra kostar butikkane ein del, men investeringa ser ut til å løna seg. Fleire kundar vel