Skummeltur..
Skummeltur på Valdres Folkemuseum Omvising: På Valdres Folkemuseum er det aldri heilt stille. Når publikum tuslar heim og dei tilsette avsluttar arbeidsdagen, då dukkar det opp gjenferd frå gamal tid. Velkommen til museumsomvising inne og ute, med dauingar, haugafolk og skrikande skrømt. Målgruppa er frå åtte år og oppover. Kom på eige ansvar, ta med ein vaksen. Søndag 2. oktober kl. 17 på Valdres Folkemuseum. Arrangementet er gratis.