Øystein Pettersen Team Pølsa

Ridderrennet får ny arena Sundag 30. mars startar årets Ridderuke på Beitostølen, og kulminerer med det tradisjonsrike Ridderrennet laurdag 5. april. Arrangementet samlar kvart år deltakarar med funksjonsnedsetjingar frå heile verda til ei veke fylt med idrettsglede, meistring og fellesskap. Biletet over: Desse karane, som står ved statuen av legendariske Steinar Hovi, kan du høyre i podkasten siste nytt og planar for årets Ridderuke og Ridderrenn. Frå venstre: redaktør for Langs Vegen No, Roy Myrland, styreleiar Tom Bratlie og generalsekretær Martin Feiring Sletten i Foreningen Ridderrennet. I år blir det ei lita, men viktig endring: Ridderrennet vert flytta frå dei flate myrene ved Beitostølen Helsesportsenter, som vanlegvis er arena for løpet. Trass i stor innsats for å halde løypenettet opent og i god stand, har snøsmelting og vårvêr gjort det umogleg å arrangere rennet der som planlagt. Løysinga er heldigvis nær: Beitostølen skistadion – berre nokre hundre meter unna – opnar sitt løypenett for Ridderrennet. Stadionsjef Kjell B. Melbybråten, i samarbeid med Viljar Aasan frå Helsesportsenteret – ein av landets fremste ekspertar på sportsutstyr for funksjonshemma – samt andre gode hjelperar, har tilrettelagt to løyper på 1,5 og 2 kilometer. Desse er spesielt utforma med doserte svingar og godt snøunderlag, slik at både ståande og sittande utøvarar trygt kan delta. I desse løypene har også "Team Pølsa", med Øystein Pettersen i spissen, trena og førebudd seg til VM – noko som gjev ei ekstra stasleg ramme rundt årets Ridderrenn. Generalsekretær for Ridderrennet, Martin Feiring Sletten, seier til langsvegen.no at flyttinga har gått heilt smertefritt, takka vere ein erfaren og dedikert frivilligstab. – Dette er 61. gongen Ridderrennet vert arrangert, og med så mykje erfaring i organisasjonen, har årets utfordringar blitt løyste på imponerande vis. Vi er sikre på at årets renn blir ei positiv og minneverdig oppleving for alle som deltek, seier Sletten – og legg til: – Det er jo litt stas å få konkurrere i dei same løypene som både Johaug, Klæbo og verdseliten – og no også Team Pølsa – har brukt. No er alt klart for ei ny veke fylt med meistring, idrettsglede og gode opplevingar i Valdres – Ridderuka 2025 er i gang!

No er alt klart for ei ny veke fylt med meistring, idrettsglede og gode opplevingar i Valdres. (Podkast her eller lenger ned) Det brakar laust på Beitostølen igjen! Sundag 30. mars går startskotet for Ridderuka 2025, og som vanleg blir det ei veke fylt med smil, snø og sterke prestasjonar frå deltakarar med funksjonsnedsetjingar frå heile verda. Heile moroa kulminerer med sjølvaste Ridderrennet laurdag 5. april, som i år blir