Fyrte opp og heldt varmen.
Når langrenn-sesongen starter, er det mykje som må klaffe for å sikre ei topp oppleving for både publikum og løparar på Beitostølen– uansett om det er strålande eller litt meir «bustete» vêr. Russegutane frå Fagernes har teke ansvar og stiller opp på dugnad for å sikre «kling i kassa» I videoen møter vi Knut Kroon, Felix Borge og Joachim Ødegård, som fortel litt om innsatsen, stemninga og motivasjonen bak arbeidet.