Vadres

Godt besøk og høgt nivå på Jørn Hilme-stemnet

Foto: Kjell Einar Kana/Kreativ Videporoduksjon Tekst: Pressemelding/ Hilme.no Folkemusikkfestivalen Jørn Hilme-stemnet vart avslutta i dag. Den fornøgde festivalsjefen Ellen Persvold kunne rekne 9800 besøkjande på arrangementa. Mellom dei mest populære postane var urframføringa av eigenproduserte På Pynté, fjellkonserten med Jonas Fjeld og Kvarts – og sommarkveldane med dans og intimkonsertar på Valdres Folkemuseum. Festivalen dreg mykje tilreisande publikum, også på grunn av dei populære kursa i folkemusikk og dans. Meir